Smittevern og tiltak
Av hensyn til kundar, familie og meg sjølv ønsker eg å halde fram med følgande reglar i salongen. Takk for forståing!
Viktig informasjon til deg som har time:
- du må vere heilt frisk og symtomfri for å få time, avbestill eller flytt din time dersom du ikkje føler deg frisk
- kom presis og benytt håndsprit ved ankomst
- kom åleine. Ønsker ikkje at venner, familie eller barn er med under behandling. Dette er fordi du skal ha det behageleg og avslappande, og eg treng arbeidsro medan eg jobbar
- ta gjerne kontakt med meg dersom du har spørsmål eller ønsker ny time
- minner om 24 timers avbestillingsfrist
Korleis ivaretek eg smittevern i salongen?
- bruker munnbind under alle behandlingar
- bruker eingangshanskar og utstyr ved kvar kunde
- nytt benkepapir og pledd på behandlingbenk mellom kvar kunde
- desinfeksjon: alt av verktøy, utstyr og overflater blir vaska og desinfisert mellom kvar kunde. Det blir og brukt sterile eingangsdukar på behandlingsstasjonen
- desinfeksjon av andre kontaktflater: betalingsterminal, dører, dørhandtak, overflater, bord, stolar og gulv
- internkontroll: daglige vaske- og steriliseringsrutiner følges
Praktisk informasjon
- betaling via kortterminal eller betalingslenke via sms
- gavekort er gyldig i eit år fra kjøpsdato
- varer byttes kun uåpna av hygieniske årsaker og med kvittering på kjøp
- Det er 18 års aldersgrense på alle behandlinger. Frå 16 år må føresatte kontakte på forhånd og avtale/bestille time
- ved avbestilling av time må det gjerast 24 timar før din behandling. Dette kan du gjere via e-post der du har fått bookingbekreftelsen din, der du klikker på lenka nederst og trykker avbestill. Du kan og kontakte meg med å sende melding på sosiale medier eller sms
- du får ikkje behandling dersom du er sjuk eller smittsom. Dette av hensyn til meg som terapeut, familie og andre kundar
- timen er satt opp til deg. Ønsker derfor ikkje at du tek med venner, familie eller barn. Du som kunde skal ha det avslappande og roleg under behandling, og eg treng arbeidsro medan eg jobbar
- lokalet skal vere så sterilt som mulig, vennligst ta av sko ved ankomst og benytt håndsprit
- er du gravid og ammar kan det påverke restultat og holdbarheit av behandling. Det er ikkje skadeleg for foster, men på grunn av hormonelle forandringar i kroppen kan vippe/brynshåra reagere på ein uventa måte
- brukar du medisinar kan det påverke resultat og holdbarheit av behandling
- viktig informasjon før voksing i ansikt og bryn! Unngå sjølvbruning og peeling i ansikt 48 timar før behandling. Unngå produkt med A-vitamin (retinol) minst 48 timar før behandling. Bruk av produkter med retinol tett mot behandling kan gi ein uheldig reaksjon på huda ved voks